Fysen på å stikke på en festival i sommer, men har ikke peiling på hvilken du skal gå for?
Her har vi samlet fem festivaler du er nødt til å sjekke ut for den ultimate festivalsommeren!
Bygdalarm
Den 5.-6. juli 2024 langs Hardangerfjorden, i vakre Norheimsund, vert musikkfestivalen Bygdalarm arrangert. Saman med lokale aktørar skapar festivalen ei helg fylt av kulturelle opplevingar innan musikk, mat og drikke for publikum. Med stor kjærleik til deilig pop, ballerock og elektronisk musikk appellerer festivalen til eit breidt publikum med artistar som Dagny, Embla & The Karidotters, Kristi Brud, Bo Milli og Whammyboy m.m. Bygdalarm har blitt ein fast sommartradisjon for både fastbuande og tilreisande. Det er ingen tvil om at festivalen i 2024 blir ei minneverdig oppleving.
Festidalen
Med eit av Noreg sine finaste festivalområder og eit spekter av musikalske uttrykk er Festidalen ei unik festivaloppleving, i Uskedalen – Kvinnherad. Årets artistar er Highasakite, Kurt Nilsen, Timbuktu, Arif, Michelle Ullestad, Oslo Ess, Nico & Vinz m.fl.
Omfamna av storslagen natur, tilbyr Festidalen meir enn berre musikk – det er ein stad der friluftsliv og tonar smeltar saman til ein minnerik totaloppleving. Festidalen er uforgløymelege minner – i eventyrlandskapet Uskedalen, Kvinnherad. Velkommen til Festidalen 28. – 29. juni, der hjarta slår i takt med naturen og rocken!
Mablisfestivalen
14. og 15. juni i idylliske Vålandsskogen i Stavanger finner du Mablisfestivalen. Her får du servert artister fra inn- og utland, kunstinstallasjoner, gode folk, godt vær (jada) og smaken av lokal mat og drikke. På programmet står artister som Susanne Sundfør, Kvelertak, TØFL, Sløtface, Fieg og brenn., bare for å nevne noen. Du finner også vintageklær, Lervig-bar og bøketrær på alle kanter. Mablis er også en festival uten aldersgrense, altså noe for alle aldersgrupper. Så, stor eller liten – bli med og ta med deg en venn eller ti. Bedre stemning skal du lete lenge etter!
Tysnesfest
Tysnesfest – der fjord møter musikk, og sommarminne blir til. Opplev Åge & Sambandet på ein av deira siste sceneframsyningar på idylliske Tysnes. Frå 11. til 14. juli får du òg blant anna oppleva Hellbillies, D.D.E., Nico & Vinz og Carola. DJ-stemninga blir løfta av Matoma, medan Sondre Justad bergtek deg med sine melodiar. I tillegg til musikalske høgdepunkt, tilbyr Tysnesfest eit unikt samspel med naturen, matopplevingar og ein varm velkomst som berre Tysnes-samfunnet kan gi. Sikra deg billettar no for ein av sommarens uforgløymelege festivalar! Besøk vår nettside for meir informasjon.
Utkant
Utkant blir arrangert på Skjerjehamn i Ytre Gulen siste helga i juli, og har vore eit fast innslag i sommarsesongen sidan 2007. På Utkant får du ei kulturoppleving utanom det vanlege, med bølgeskvulp, solnedgong og deilig stemning. La deg omfamne og bli med heile helga, vi har eigen festivalbåthamn og camp. Artistar i år er mellom anna Bigbang, CC Cowboys, Lars Vaular, Madcon, Delara, Fay Wildhagen, Jonas Benyoub, Odd Norsdstoga & Ingebjørg Bratland og Fagernes Yacht Klubb. I tillegg får barna ein eigen festival på laurdagen. Billettar finn du på Ticketco.no.